Samtalemøte

Arrangement

Dato

Onsdag 24. januar 2018
Tid
kl. 18:30 - 21:00

Sted

Norsjø Ungdomssenter

Lagre i kalender

Kjære Norsjø-venner!

 

Det siste året har me i styret for Norsjø Ungdomssenter, saman med dei ansatte,  jobba med ein strategi og handlingsplan for Norsjø. I forbindelse med dette arbeidet ynskjer me å høyre kva tankar og idear misjonsfolket har for leirstaden vår. 

 

Me vil difor innvitere deg til Samtalekveld på Norsjø Ungdomssenter Onsdag 24. januar 2018 kl. 18:30 – ca. 21:00

 

Det blir servert suppe frå kl. 17:00-18:00. Kaffe med litt attåt blir servert frå kl. 18.00. Serveringa blir gratis, men det blir gitt anledning til å gi ei gave til Norsjø i løpet av kvelden.

 

Tanken er at her skal alle kunne komme med tankar, idear og innspill rundt virksomheten ved Norsjø. Alle innspill er kjærkomne for oss i styret!

 

For å hjelpe dykk igang med tankeprosessen har me satt opp nokre spørsmål som de kan ta utgangspunkt i, om de vil.

  • Korleis ser framtida ut for Norsjø?
  • Korleis kan me rekruttere fleire Norsjø-vener?
  • Korleis kan leir-aktiviteten aukast?
  • Kva behov er det for endringar/oppussing/nybygg, og kva bør ein prioritere fyrst?
  • Kva fungerer, og kva fungerer ikkje ved dagens aktivitet?

Me håper dykk alle forstår behovet vårt for denne samlinga, og at så mange som rå kan sette av denne kvelden og komme. 

 

Regionleiinga er informert om møtet, og vil stille på møtet. 

 

Med venleg helsing

Styret for Norsjø Ungdomssenter

  • Opprettet avHans Arne Gulbrandsen
  • Oppdatert
Til toppen